Beitebruk

I Naustedal-Gjengedal er det lange tradisjonar med stølsdrift og nytte av utmarksbeite, som enno blir halde i hevd.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: naustdal-gjengedal@fylkesmannen.no

M

Meny

Seterstøl i fjellet.

Kvart år vert det sleppt om lag 10.000 dyr på beite i utmarka i og rundt Naustdal-Gjengedal. Her er det godt beite både for storfe og småfe, og ein har derfor lange tradisjonar med å nytte utmarksbeita.

Her er mange støylar i og rundt verneområdet og tidlegare tider var det tradisjonell støylsdrift med mjølking på støylane og enten foredling av mjølka der eller trapsort ned til bygda. Det er framleis fleire støylar med drift kor det vert levert enten kyramjølk eller geitemjølk.

 

Bandtvang

Hugs å respektere bandtvangen. Det er generell bandtvang frå 1. april til 20. august. I tillegg har mange kommunar utvida bandtvang etter 20. august av omsyn til beitedyr.   

Sau på beite i fjellet