1. Heim
  2. Om verneområdet

Om verneområdet

Naustdal-Gjengedal har variert natur, som vekslar mellom dalar, høgfjell og brear.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: naustdal-gjengedal@fylkesmannen.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Landskapet er prega av fiskevatn, støylar og frodig beiteland. Store deler av området er godt tilrettelagt med stiar, klopper og bruer. Fleire vegar og parkeringsplassar gjer området lett tilgjengeleg for låg-terskel friluftsliv, i form av dags- og familieturar.

Samtidig finn ein urørt villmark, brear og steile fjell, som til dømes Botnafjellet (1572 moh).

Grønt brevann mot fjellandskap, Sørsendalen og Botnafjellet.
To hjortebukkar.

Dyreliv

Naustdal-Gjengedal er eit variert område som rommar mykje dyreliv i tillegg til villreinen. Ein stor del av verneområdet ligg i den nye kommunen Sunnfjord, som no er landets største «hjortekommune». Resten av arealet ligg i Gloppen som og er ein kommune med mykje hjort og lange tradisjonar for hjortejakt. 

Elles finn vi det vanlege dyrelivet som finnast i skog og fjell på Vestlandet. I fjellet siglar den staslege kongeørna, gjerne på jakt etter ein av dei mange rypene eller harane som og finnast her oppe. Nede i skogen finn vi mellom anna eit rikt fugleliv og smårovvilt som rev og mår.

Inn i mellom får området besøk av store rovdyr på vandring. Det siste tiåret har både jerv og ulv vore innom desse traktene.

Flora

Naustdal-Gjengedal har stor variasjon i landskap og flora.

Rundt Storevatnet og Dalevatnet i Gjengedalen finn vi fleire førekomstar med rike bjørkeskogar med høgstauder.

Snøsøte, gulstarr, reinrose og andre planter som veks i kalkhaldig jordsmonn finnes og i verneområdet.

Fjellsmelle, fjellblomst.
To hjortebukkar.

Forvaltning

Styret for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde har eige nettstad.