Turar og opplevingar

Naustdal-Gjengedal er særs godt eigna for vandring. Her er eit vidt spekter av ulike turar og områder for både korte og lange turar og andre opplevingar.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: naustdal-gjengedal@fylkesmannen.no

M

Meny

Eit fint turområde

Her i Naustdal-Gjengedal er ein del ruter som er både merka, skilta og tilrettelagt, men og urørte område heilt utan tilrettelegging.

Om vinteren er det fint å gå toppturar på ski.

 

Hytte i fjellet.
Mann på tur

Opplevingar

Nordfjord Aktiv har guida turar og utleige av mykje utstyr. Det kan vere trygt å vere med på ein guida tur om du er uviss på rutevalet. 

Langedalen Gimmestad byr på ei unik naturoppleving med moglegheit for båtutleige. 

Nordfjord Aktiv

Langedalen Gimmestad

Longevasshytta

Middels lang og middels krevjande tur til ei fin hytte i eit vakker landskap. Hytta er tilgjengeleg det aller meste av året. Stien er god å gå.

Turen på Ut.no

Longevasshytta på Ut.no

Longevasshytta.
Innsjø i fjellet.

Byrkjeneset

Byrkjeneset ved Storevatnet er eit idyllisk, vakkert og lett tilgjengeleg turmål. Det er ein tidligare villmarkscamp som no er for allmenn bruk.

Følg Fylkesveg 5730 frå Aa og køyr deretter vidare til støylsvegen til Gjengedalsstøylen. Parkering er ved Gjengedalsstøylen, her er det ein stor parkeringsplass og toalett.

Om turen

Lett tur i flatt terreng langs Storevatnet. Vi har lagt kloppar det meste av vegen slik at det er lettare å gå. Sjølve Byrkjeneset er ein frodig og vakker stad. Her er ein inngjerda leir kor ein kan slå opp telt, og her er utedo. Stranda er nydeleg med kvite steinar.

Padletur på Byrkjeneset på Ut.no

Ryssdalshorn

Ryssdalshorn er eit populært turmål frå Gloppen. «Topptur» til fjelltopp med veldig flott utsikt. Bratt stigning, mange høgdemeter. Men likevel ein overkommeleg tur for dei fleste. Vi har bygd ståltrapper i det brattaste partiet.

Skildring av turen på Ut.no

Mann ser utover landskap og fjorden
Person på skitur

Skiturar 

Fjellene her byr på mange flotte skiturar. Planlegg turen før du legg i veg, og vurder vêr og skredfare.

Av mange skiturar er det nokre turmål som vi kan tipse om: Sandfjellet, Morafta, Svartekari og Syskardnipa.