Villrein

Villreinstammen i Førdefjella villreinområde har leveområdet sitt i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Vis omsyn om du møter dei på tur, særskilt i kalvingstida om våren.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: naustdal-gjengedal@fylkesmannen.no

M

Meny

 

100 dyr i stammen

Reinflokken er etterkommarar etter forsøk på tamreindrift på 1950-talet som no vert forvalta som villrein av Førdefjella villreinutval.

Stammen er no på om lag 100 dyr, men storleiken har variert ein del opp gjennom åra. Ei tid var det nesten 200 dyr i stammen, men den har og vore vesentleg mindre. Kring 1980 vart reinen nesten utrydda i området, mellom anna grunna jerv som herja i fjellet. Dei siste åra har stammen vore stabil på mellom 80-90 vinterdyr.

 

 

Villreinflokk som kviler
Villrein

Vis omsyn på tur

Den 20. august startar villreinjakta. Grunneigarane i området søkjer på jakta og løyva vert delt ut etter trekning i villreinutvalet. Normalt vert det fellt mellom 10 og 15 rein i Førdefjella.

Er ein heldig kan ein møte på rein når ein er på tur i verneområdet eller fjella ikring. Ein må gjerne nyte synet og opplevinga det er å treffe på dette fascinerande dyret. Ein bør derimot unngå å uroe reinsdyra unødig. Studer dei på avstand og legg ruta godt rundt flokken.

Om våren er det kalvingstid, då er spesielt viktig å vise omsyn.